torsdag 20. august 2015

Husdyr

Litago (sidet trønder og nordlandsfe)
Dagros ( telemarksfe)
Blakken (fjordhest)
Svarten (dalahest)
grå trøndersau og spælsau
står langt borte i biletet
gulna men dokumentert
har levt
beintråkka liv gjennom utmark
og eng
nøysame og godlynte
fann næring i lyng
og starr

bygde landet

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar