tirsdag 10. desember 2013

Olav Nygard er så stor i si dikting at jeg tar med to til. Begge ble skrevet mens han lå på dødsleiet, i tuberkulose. Berømmelsen kom etter hans død.

Olav Nygard er gravlagt på Østre Aker kirkegård i Oslo sammen med sin kone Rakel, som overlevde ham med rundt 55 år. På gravminnet står det: På tronge vegar stig det store tankar, hentet fra diktet Det trengs so lita minning fra Ved vedbande (1923).



Til son min 
(Dette begynte han på da sønnen var 1/2 år, og fullførte da han var 6. Ingen har noen gang fått et slikt dikt, sa han til sønnen.)

Du blunda lagnadlaus i æveblånar
dit inga tid og ingen tanke skaut
si braglebraut; frå sælt fordrøyrnde månar
eit blidøygt sylvskin ut i rømda flaut.
Det var kje natta, tyngd av livsens minne,
men meir den fyrste tind av morgonglon;
i alt ein æves fred som sveipte linne
og svale lakan kring deg, ynskjeson.


Det steig ei susing, som eit fluttfugl-fylgje
sveiv rundt og ut um alle ævehav,
med du låg liljelett på iblå bylgje
som draumediser leidde inn og av,
lik tjørnblom, svævd av blundøygd nattetime,
og la di alvekinn i blidan ro
i bylgjefange, med ei strålestrime
av himelsk vyrksemd ved ditt lægje stod.


Men eg gjekk dag-fordrøymd i mine dalar
der foss og flogberg bygde meg til mann.
Å ungdoms himel! Solvarmt, solvarmt spralar
det mønelangs av bringeeld som brann.
Og elskhugsvåren løyste alle lindar,
det kjendest som eg sumde upp i song
og soldis, upp langs lange fjell og tindar
med tida rulla inn i ævegong.
I elskhugs djup låg lengt som blåe næter
og gøymde sæleådrar i sin barm;
eg kjende at i draumstill upphavs-æter
låg løynde liv som gjorde lengten varm. ­
Min ungdomsvår skreid fram um mange blånar
i livsens underlege skiftegong;
men under vendesoler, kvervemånar,
drakk lengten liv av dulram ætersong.

Og lengten rodde ut or sine fjordar
og lærde seg dei lange bylgjeslag
og auka måle, som når dult det torar,
til dine draumeheimar kom i ag.
Då brast dei åndelette æterkringar,
og jorda med si dragmagt nådde inn.
Då seig du kvar den stund i mindre svingar
til du i vogga låg med varme kinn.


Eg andar

Eg andar hol i kvitan is på rute,
legg eine auga åt og gløser ut.
Seg losnar du ell dregst du til, du knute
som knytte deg ein dag då dimd og grut
og gygreskodde la meg bleik på pute
og gav meg blundedrykken beisk som lut.
Å, hjarta var for sterkt, eg fekk kje blunde;
men drykken vann då verk: eit liv vart bunde.


Eg andar hol på isen: Sol og klåre,
eit hav av blått med gyllte render på;
slik himel då, -det er som alt var bore
av englevengjer, stilIt i flog! A sjå
på fjella! Her hev meister skore
eit relief -ei hand med gudetrå,
med hugsynsbivring, brand i bein og sansar;
d'er berre grjot, -men fjell og dalar dansar!


Sjå dagen hev kje hov i sine hender;
d'er sylv som drys, d'er gull -. I svaneham
sig burt ei skarlakssky; um himmelstrender
glid violette bylgjur att og fram;
d'er fredlyst alle himlar, alle grender,
ei høgtidstille, skir og undersam.
Når verda sine villskerider gløymer
ho er eit voggebarn som smiler, drøymer.


Men sjukestova tyngjer; græmestunder
sit naglefast i veden; kvar den skaut,
kvar stokk der augo låg då feberblunder
som raude bylgjur gjenom sjæla braut,
dei ber eit minne, livfullt som eit under
men tungt som mara; det var blod som gaut
den raude rygd i dette bilætfylgje
som dansar yver vegg lik draug på bylgje.


Eg gjeng til dørs og kjenner smil på munnen,
d'er bylgjekambar av den gledeflaum
som bryt seg songfræg gjenom hjartebrunnen
i bringedjuve, riv med stryk og straum
dei gråe vettebol som rådde grunnen,
og skirest som ein blåøygd morgondraum.
Det tonar inn som spana svalevengjer
i flog strauk yve hundra harpestrengjer.

Eit mæle vaknar liksom sus i skogen;
eg kvekk med hand på døralåsen lagd.
Då spør det stilt og fast: «Seg er du mogen
fyr dagsens glede, fyr den store bragd?»
Eg stamar: «Mogen -sjølve barnehugen
er skapt fyr glede -.» Eg vert nedatt tagd:
«Kann du sjå drauge~ans med smil på munne?
Du stod nok strid, men du hev ikkje vunne.


Du rømer og vil drukne dine minne;
men dette rom skal sjå den same strid
sin annan gong. » «Men skal eg sitje inne
i draugelag mi heile livetid?»
«Til denne tunge striden du kann vinne.»
«Då ligg du bleik i smil; då hev du bunde
«Då ligg eg bleik, då drys det dogg i lid.»
ein krans til livsens drott; då kann du blunde.»


Eg bøygjer hovud, tegjer, freistar berre
å lyfte hand til livd som fyr eit slag;
men avgjerdsstunda ek seg nær og nærre,
eg lyt nok velje, velje same dag.
«Du strenge bodords-berar, hels din herre
eg vel meg gløymsle fram fyr draugelag.
Det lyt vel heite at eg vilde røme;
men staupe var for djupt og beiskt å tørne.»



"Olav Nygard vokste opp mellom stengende fjell i en trang dal, men han har gjort det videre og friere å være menneske i Norge. Han strevet med dårlig økonomi og alle slags trivielle bekymringer, men skapte noe av det mest uavhengige og suverene i vår poesi. Han var plaget av sykdom, men pustet sunnhet i vår sjel." Eilif Straume

Geniet fra Modalen: http://www.dagbladet.no/kultur/2004/04/26/396761.html

http://www.dagbladet.no/kultur/2005/06/20/435147.html

http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=031687431&kid=biblio

http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=030350689&kid=biblio



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar