torsdag 20. august 2015

SNIKKAREN

Snikkaren snikra ei kyrkje
snikra ein båt
kvar høvelspon var ei bøn
og ein brottsjø

det er medan songen frå saga går
at emnet gler seg
kvaetung song
skog rettar ryggen

vemodsrodde opne havet  
vind over sjø i ørske
salt liv og lengt
alt er med når det skapast

slik blir det vene til
hendene som fører øksa
har kjent verre ved

kniven kvass - 
finslipt
tenksam 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar