Håp / Minner

Det er lysast der lyset kjem frå.

No blir ikkje dagar mørkar’.
No vender sola på ny,
og sender strålar med håp over oss
som sit bak gardina i ly.
Dei drøymer om sol over landet,
eit bål som skal knitre, og gi
varmen tilbake til kropp og sjel,
det er håp, sjølv i svartaste tid.

For det er lysast der lyset kjem frå,
sjølv om mykje stenger ei tid.
Varmen skal stige i kroppar igjen,
mørkret skal snart ta fri.

No blir ikkje dagar mørkar’.
Lyset skal kome til oss.
Som bål skal vi knitre i mørketid,
Dei iskalde vindar til tross.
For folk kan gi lys gjennom mørkret,
og folk kan gi ly og rom.
Hjarto dei bankar og nevane slit,
det er varme det handlar om.

For det er lysast der lyset kjem frå,
sjølv om mykje stenger ei tid.
Varmen skal stige i kroppar igjen,
mørkret skal snart ta fri.


                            *

Minne


Tonen som aldri dødde
Når eg står i den andre døra
ser eg far på veg inn
i sekstitalet
med spettet i eine handa
og hesjestaur i den andre
Sterk kropp
brun av sol og vind
og med milde
framtidsvoner
i andletet -
Staur vart planta
djupt
kunne ikkje rikkast
av andre
ikkje av vind
ikkje konjunkturar
ikkje motar -
Surra strengen
over
og stramma til
Tonane i strengeleiken
over julinatta
bar langt
sa at dette var far sin song

Han døydde brått
i sekstiseks
lykkeleg
uvitande -
men
tonane skjelv
langs alle
vegar - bak alle dører



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar