Hverdager

Varme

Dei små, små kvardagane.

Regn over svaet,
nytrukken kaffe.

For trøtt til
lengt.

Mest haustdagar
over herdene.

Kvardagen sit der
ein morgon
og sukkar.

Klør på en rur.

Dansen er over no,
ladene tomme.

Klok av skade
drikk eg all varmen
eg kan få
ut av koppen.


                            *

  Den gode dagen

   Den gode dagen
        spring mot meg,
        med lette lokkar
        i vegkanten,
        og skitne never
        med engsolei.

        Den gode dagen
        klukkar lett
        gjennom ekrene,
        og er ei jente
        å lyfte opp
        mot sola.

        Den gode dagen
        spring berrføtt,
        og med skrubbsår
        strør solfrø
        og teiknar
        Paradis.



                                      *

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar