Å eldes



Å leva det var ein sigersgang


Å leva, ja det var ein sigersgang,
for det beste nokon kan gjevast.
Eg kom frå inkje til mor sitt fang,
til kloten der livet kan levast.
Å leva det var ein sjanse eg fekk.
Ein moglegheit mindre enn dette:
at eg var eit korn, ein liten flekk
i ørkensand,  og var den rette.

Å leva det var som å titta fram
ut av jorda som skrukketrollet,
fortrylt av venleiken, stum og lam,
og heilt uviss på eigen rolle.
Å øyda det var å gløyme seg bort.
Ja, gløyme at alt var ei gåve,
byggja seg sikring, og tenkja stort
om eigen plass og oppgåve.

Å leva det er å modnast om senn,
så ein hugsar å takke for laget.
Når du står ved enden av vegen, kjenn:
du var av det heldige slaget.
Å leva det er å vakne ei natt,
liksom skrukketrollet, forferda,
å veta eg skal under torva att.
Men eg var ein utvald i verda.

Å leva, ja det var ein sigersgang,
for det beste nokon kan gjevast.
Eg kom frå inkje til mor sitt fang.
Til kloten der livet kan levast.
Å leva det var ein sjanse eg fekk.
Såg jordlivets mange kulørar.
Kan eg vel klage? Nei, mange gjekk,
den vegen med langt tyngre børar.

                                      *

Er gammal

Leitar etter glansen i gamle skår,
beingrinda sigrar over kjøtet.

Dagar,
små bagatellar,
i flatt lende.

Bakkane oppetter lia du aldri skal gå.
Solstreif nedover, blendar deg,
sender deg inn i ditt bol.

Våren ler.
Ensar
deg ikkje.





                                      *

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar