søndag 9. mars 2014

Ville ryttarar (også kalt menn)

Er i farta
på veg ut av
stive musklar
surra til sylte
med reip av
gamle synder

flyg lågt
over havarerte
draumar
voner
knuste til plikter

trekker kjærleiken
lynraskt
frå hofta

virrar snakketøyet
i gang

visj –visj -
lettar på venger
rappa frå
englar
bomber
gravlunder med
urner

ligg askekvit
tilbake etter
landing

røyk stig
frå ville ryttarar
mot solnedgangen

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar