lørdag 15. mars 2014

....men mars-ria kom, i år også!!! Snø!!!

Mars

Saint Gertrude av Nivelles. Public domain

Men bjørnen vil på inga måte stresse,
halv vinter står igjen, om ikkje meire.
Og eg ser heller ingen ting å feire,
utover gamlefolkets Gjertrudsmesse.

Sjå, mars- ria den er ein lei finesse!
Når håp om vår er tent, med fugl i reiret,
så kjem det isvindar som  gneg på beinet.
Nei, ingen mars- sol kan Kong Vinter presse!

Så ikkje tenk eingong at du vil dresse
deg opp til vårsol før du hører tjelden!
Nei, vær tolmodig, unngå all tristesse.

Då kan du heller gamle skøyter kvesse,
og drive kunstløp ut i månekvelden.
Vi driv så mangt, har ulik interesse!


Les mer: http://dikt9.webnode.no/mars/

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar