torsdag 6. mars 2014

Ørna

Trudde ikkje ørna ofra meg ein tanke.
Sirklar på straumar eg aldri har kjend,
auge i alt som er bytte!

Eg var ikkje verdig.
Ho såg berre eit kadaver 
som skal gravast ned ein gong.
Merkeleg skikk
sett frå den utsikta, kanskje -

Eg sitt stille og ser.
Latar som eg ikkje kan etast.

Ørna ler 
med vengene

over opent
matfat. 

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar