onsdag 5. mars 2014

Tankane er over alt!

Barbeinte tankar
prøver ut dei skarpe
steinane
ved strendene
på Sør-Georgia.
Draumen flyg med ein kald vind
i ryggen ,
til matmessa
der dei siste orda frå kokken i 65
vekker stilla kvar morgon.
Kjenner den siste handa
på eit gelender,
sorterer flenseknivar,
og høyrer på nedrusta liv.
Ein port slamrar
og sender ilingar
gjennom ei stille
med ein radius på 100
nautiske mil.
Elefant-selen vêrer
tankane mine
og bles mot djupet :
-Dei er tilbake.
Dei er over alt!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar