Vår kyst møter havet, og opnar si strand,
og kallar deg heim etter ferda.
Livet held fest mellom steinar og tang,
for her byrjar songen, og verda!
Kystlandet, du ber den songen
som bar
langt over storhavets bårar.
Frå urtida lokka du liv i frå hav,
og sakte vart strender til heimar.
Frå strendene breidde seg blømande eng,
og husa kraup saman i grender.
Samhald gir styrke der vinden er streng,
og der finn ein vermande hender.
Du ga meg songen som lever i
meg,
som aldri får lov til å teie.
I medgang og motgang du følgjer vår veg.
Du er vårt rikaste eige.
Kystfolket vender helst sansane ut,
dei lyttar. dei speidar mot verda.
Dei treng ikkje reddast, med ryggane lut,
dei vann mot dei hardaste krefter!
Kystlandets song er forunderleg
klår,
og sprenger skilje og grenser.
Dei kraftfulle orda mot verda går,
og då er det hjarta
dei helsar!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar