Den kalde vinden gnell sin song der ute,
og kvilelaust er havet i sin svevn.
Med kvasse naglar teiknar frost på rute,
som varsel om at døden vil ha hemn.
Det ryk mot mine strender utan nåde,
og hamrar telen ned i kropp og sjel.
Og audmjukt veit vi, folk kan ikkje råde,
for dette er naturens eige spel.
Eg er heilt vaken, huset styn i vinden.
Vi er så småe, kryp til våre bol.
Men finn litt trøyst i lette strok mot
kinden,
og draumen om ei varm og trufast sol.
Det er som heile himmelromet brøler.
Vil knuse oss som småkryp under hæl.
Eit vesen famlar blindt mot jord og føler,
seg fram til liv som det kan slå i hel.
Men då når det er verst og ord vert tome.
Kjem vissa på meg: stormen har oss født!
Ja vi er skapt av ragnarok i romet,
og utan desse krefter vert det dødt.
Du tek mi hand, og varmen brenn i hjarta.
Og stormane går bort, og fell til ro.
Eg kjenner at dei kreftene som starta
den første storm; dei fekk det til å gro!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar