Det legg ein sang over Lisbethagan
når syren blomstre ei julinatt.
Og det e sangen om tapte sjansa
om alle kyssan du skoill ha tatt.
Og det e sang om ei grind som knerka,
og singelgang som var vond å trø
for den som helst villa komma lydlaust
på friarføter, og itj va stø.
Det legg ein sang over Lisbethagan
med undertona av Herrens tukt.
Ho sto med kronbladan vidt mot verden
og va ein skjønn men forbuden frukt.
For bak gardinan var auan vaktsom
mot alt som rørt sæ bak busk og grein,
især kvar lørdag da livet vakna
og for med leven og spell på vein.
Det låg ein sang over Lisbethagan
da syren blomstra ei julinatt.
Men sangen stansa da grinda knerka,
og medt i singelvein vart du tatt.
Og ho som sto der med eld i kroppen,
med Paradiset og tyranni
krøkt røtern lydig i svarte molda,
og elden slokna på samma tid..
Det legg ein sang over Lisbethagan,
den e om tukt og den e om skam.
Den e om livet som itj fekk levva,
den e om ordan som itj kom fram.
Men enno kviskre det mildt i natta,
om grind som knerke og blir ein sang,
om julinetter og ungdomsgleda,
som sjangla ustøtt på singelgang.
Hans Anton Grønskag
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar