fredag 28. februar 2014

Via Dolorosa

Ho vart
til ein krok
nokre få
hadde sett andletet -
ho drog handkjerra
med mjøl og sirup etter seg
dei siste metrane i livet -
kroppen bad om nåde for kvart steg 
som gjekk ho jarnbyrd –

eg hugsar ikkje korleis
men det vart til at eg
hjelpte henne med kjerra ein dag
ho hadde handla meir enn elles 

det var då
eg fekk sjå henne i eit glimt –
men miskunnsam vende ho 
andletet straks ned att
ein for nådelaus spegel for den som
aldri har bøygd seg –

eg trilla kjerra
som bar eg ein kross
nokre meter 
for henne

Hans Anton Grønskag

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar