Dei bakkane du kleiv
vart til dagar etter kvart.
Ofte kraup du fram og
opp på alle fire.
Med augo fest i
grunnen vart livet utan kart,
det du fann var berre
neste vene spire.
Du planta dine dagar
som kvasse skot i aur,
og du trudde på eit
mål som gav betaling.
Men livet gjekk forbi
deg, du sto fast som ein staur,
og slett ingen gav
deg ros og anbefaling.
Så kom du deg til
toppen, og myste mot det blå,
men din alder satt
nok fast i sjel og kropp då.
Du strekte deg med
møda og skallen lyste grå.
Men kvar var vinst og
ære som du skulle få?
Du greip ein stav, og
sto eit bel, kjende vindens drag,
medan augo sveipte
vegen din i verda.
Då såg du som eit
lysglimt at timar, år og dag,
hadde halde deg som
slave gjennom ferda.
Du stavrar rundt i
høgda der utsikta er god.
Litt visare, men alt
med vemod blanda.
For det som før var
viktig har mist sitt verde no,
mens tanken skapt av
ro, kan livet sanna.
Hans Anton Grønskag
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar