fredag 14. februar 2014

KYSTLANDET


Vår kyst møter havet, og opnar si strand,
og kallar deg heim etter ferda.
Livet held fest mellom steinar og tang,
for her byrjar songen, og verda!
  Kystlandet, du ber den songen som bar
langt over storhavets bårar.
Frå urtida lokka du liv i frå hav,
og sakte vart strender til heimar.

Frå strendene breidde seg blømande eng,
og husa kraup saman i grender.
Samhald gir styrke der vinden er streng,
og der finn ein vermande hender.
  Du ga meg songen som lever i meg,
som aldri får lov til å teie.
I medgang og motgang du følgjer vår veg.
Du er vårt rikaste eige.

Kystfolket vender helst sansane ut,
dei lyttar. dei speidar mot verda.
Dei treng ikkje reddast, med ryggane lut,
dei vann mot dei hardaste krefter!
  Kystlandets song er forunderleg klår,
og sprenger skilje og grenser.
Dei kraftfulle orda mot verda går,
og då er det hjarta dei helsar!

Hans Anton Grønskag



Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar