mandag 30. september 2013

Kolbein Falkeid (1933)
er ein av våre mest folkekjære diktarar. Han er fødd og busett i Haugesund, og gav ut si fyrste diktsamling i 1962. Etterkvart har det blitt heile 30 bøker med lyrikk.
Etter diktsamlinga «En annen sol» (1989), som han skreiv for dottera som tok sitt eige liv, var han sikker på at han aldri kom til å skriva igjen. Samlinga fekk strålande kritikkar, og vert sett på som det verkelege gjennombrotet for Falkeid. Diktsamlinga kom i seks opplag.
        Den samlinga skreiv eg for dottera mi Helga. Den skulle vera ein bauta for henne. Samlinga var mi form for krisepsykiatri, seier han.
        Falkeid seier sjølv at han skriv annleis etter at dottera døydde.
        Eg er ikkje så dagklar lenger.Tidlegare skreiv eg mykje om det jamne liv, om sjøfolk og reiser til sjøs. Men etter 1987-88 har eg fått eit dunklare og meir hermetisk språk.

Et rom står avlåst
Jeg lengter etter deg.
Et rom står avlåst i kroppen min.
Alle tingene dine fins der og avtrykkene
av det korte livet ditt, flyktige
som skygger på snøen i måneskinnet.
Nøkkelen har jeg og går inn
med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt
og taler uten ord med tomheten,
en kronisk lytter
Jeg lengter etter deg
også fordi du var likest meg. Uten deg
går jeg alene med vranglynnet mitt.
Alt som var fint i meg og nå falmer
bar du som en tidlig sommerdag, et flott
langtidsvarsel. Også lavtrykkene mine
langt vest i deg kunne hope seg opp.
Av og til
kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd
og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest
hang dagene våre som enige
søskenperler på kjedet.
Lengter etter deg.
Hverken vær eller dager løper mer.
Og tomheten svarer aldri.
(En annen sol, 1989)


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar