torsdag 22. august 2013

Teikne med tynn griffel - og kjøl

Eg dreg båten frå land
glir på blankt vatn
på drivande skyer

eg ror tankane tome
og set segl
finn min eigen vind
mi lei

det fins ei sanning:

det du teiknar med
tynn griffel
og kjøl

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar