mandag 19. august 2013

Då kan berre hausten koma!

Vinden strør
kring seg med rognebær
og lauv,
samlar havet i famnen
og legg ekrene i lake
langt innpå land.

Dagen grip med valne
fingrar etter bølgjene,
bleike maneter – daude andlet
på yta, men likevel i rørsle,
speler innøvde roller.

Då kan berre hausten koma.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar