fredag 28. juni 2013

Det er ikkje alle som lærer like fort

Det er ikkje alle som lærer like fort,
det er med læring som med alt i livet.
Den eine satsar lite, men spretter som ein hjort,
ein annan satsar mykje, men må rive.


Alle har talentar, og dei skal hjelpast fram.
Den eine skriv og reknar utan kvile.
Ein annan spikkar hestar, og syng med brask og bram.
Ein tredje sit ved pulten sin, og smiler.


Er du flink til noko, så kan du nok bli best,
om du får hjelp på vegen, til å trene.
Så la oss alle øve på bokstavar og tal,
på song og gym, men aller mest på glede.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar