lørdag 19. september 2015

Lovane som gjeld


Ein mann planta skog
som andre fekk hauste
i rette tid

øksa sto att ein dag
smått om gravferdsord
elles

men  nyland
i krattskog og stein 
gjekk det gjetord om kring borda

tida etter
var mest som song og sull frå store fang
tonar å høyre
sjølv i børsnotert tid

hender bar tømmer
og stein
hender bar mjølk og ungar
hender bar eld som dei spreidde raust
langs mørke strender

fjell var ikkje aude –
det lengta og rauta
når skuggen kraup opp
bratte lier

havskodda steig
og fjellet drakk

ein mann kunne planta
der landskapet
ga han lov
og han kjente lovene
godt

sjølv om dei brytast,


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar