Det veks små gule blomar på stranda lengst i vest.
Dei veks på nakne berget, og trosser hav
og blest.
Eg kom til desse strender da ungdommen var
ny,
her fann eg deg, og landet ditt, og søkte
meg eit ly,
her kor vinden alltid syng -
her kor vinden alltid syng.
Ja, blomar står mot havet som ein
kjærleikens arme,
og trosser alle krefter som vil bryte
livet ned.
Dei kallast Rosenrot for sin ange har eg
hørt,
og her frå våre strender blir den angen
stadig ført
av ein vind som stadig syng,
ja, ein vind som stadig syng.
Det blømer
kjærleiksurter på strendene hos oss.
Dei gror på nakne berget, og veks seg
sterk på tross.
Og kanskje må det vera slik at kjærleik
først blir stor,
når han må kjempe tvekamp med så
ugjestmild ei jord?
Hør på vinden kor han syng,
Hør på vinden kor han syng!
Eg ser det flate landet, der eg fann min
stad eingong,
du kom langs vindens vegar, og du kom med
vindens song.
Og båra braut i mot oss, stundom krast, og
enda vilt,
men livet fekk vi leva, og mot kvelden vert
det mildt!
Kjenn på angen når han syng -
det er livets vind som syng!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar