lørdag 1. mars 2014

Mauren

Skulle ha vore som mauren -
standhaftig vandring gjennom skogen
ei barnål
på tjue maurmeter på slep

ofrar ikkje den store skogen ein tanke
spyttar i alle nevane
bryt seg over
stein som skin
i lyset frå månen,
venus og karlsvogna

Hans Anton Grønskag

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar