mandag 3. februar 2014

TRU – HÅP - KJÆRLEIK


Tal ikkje med ord, men med gjerning,
om trua du ber i ditt hjarte!
Vern om den skjelvande elden,
lys opp gjennom mørkret mot kvelden!

Lat augo få tala om håpet,
som dei skodar ein horisont bak oss.
Syn oss alt lyset der framme,
som gjer alt det låge til skamme!

Tal sakte om kjærleik, tal sakte.
med ord du har gjømt for den eine!
Tal stille om kjærleik, tal stille,
som nattdogg, som vårsolas vilje!


Hans Anton Grønskag

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar