mandag 24. februar 2014

BAKKANE


Dei bakkane du kleiv vart til dagar etter kvart.
Ofte kraup du fram og opp på alle fire.
Med augo fest i grunnen vart livet utan kart,
det du fann var berre neste vene spire.

Du planta dine dagar som kvasse skot i aur,
og du trudde på eit mål som gav betaling.
Men livet gjekk forbi deg, du sto fast som ein staur,
og slett ingen gav deg ros og anbefaling.

Så kom du deg til toppen, og myste mot det blå,
men din alder satt nok fast i sjel og kropp då.
Du strekte deg med møda og skallen lyste grå.
Men kvar var vinst og ære som du skulle få?

Du greip ein stav, og sto eit bel, kjende vindens drag,
medan augo sveipte vegen din  i verda.
Då såg du som eit lysglimt at timar, år og dag,
hadde halde deg som slave gjennom ferda.

Du stavrar rundt i høgda der utsikta er god.
Litt visare, men alt med vemod blanda.
For det som før var viktig har mist sitt verde no,
mens tanken skapt av ro, kan livet sanna.



                                                                                                     Hans Anton Grønskag

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar