VISE
Denne visa mi har segla mot brenneng og i brott,
så langt som mine mareritt kan rekke.
Ho var eitt jaga bytte for hundeglam og skott,
låg frossen under angstens vinterdekke.
Og jeger’n var så klok en mann, han vokta sed og skikk,
og syndig ild vart sløkt i glade aua.
Han gjekk i våre daga, og han kvalte vår musikk,
og gleda var eitt håp som ofte dauda.
Våres vise kom til verden som ein stormvind og eitt brøl,
ein uoppdragen unge under messe.
Ho sang de ord som hjertan vår ha dikta tå sæ sjøl,
om kjærligheit, om alt av interesse.
Men jeger’n kom med skyggen sin, og visa skuflas vekk,
som dust og støv for støvelhæl og kvardag.
Vi fekk beskjed, ja klar beskjed å gå der andre gjekk,
og drømmen vår vart drept i livets jag.
Men av og te gråt visa ord til skillingpris, og vart
ei mare og ei pest for for fine øra.
Og av og te tok visa sats, og sang når alt va svart,
og ryggan villa knekkes under børa.
Våres visa, levd i dølgsmål, våres visa tyta ut,
ja som maiblomster gjennom alt det stive.
Vi satt vår båt mot brenningen, mot embetsverk og fut.
Vi skreiv med kjøl, vår vise gjennom livet.
Hans Anton Grønskag
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar