lørdag 18. januar 2014

I TRANGBERGSUNDET

I Trangbergsundet der kor sommar’n plante
eit bed med strandrug, strandnellik og siv,
der legg ein færeng, gudsforlatt og skrante,
og har kun minnan ’gjen om sjø og liv.
Han reise kjøl’n te vers mot føggelskiten,
og e så blamert at’n gjer seg liten.
Ei lita stoltheit har’n igjen i skiten,
som det kan verra’gjen hos kvar og ein.

Han Tørres Snerten e så si i ræva,
men  kjem te Trangbergsundet kvar ein dag.
Der har’n ein kvil’stein og der leike terna,
og der legg kompisen som sakne lag.
Dem minns så mangt eit eventyr på havet,
og glømme alder’n som gjer all te slave.
Med tause ord blir stunda som ein gave,
såpass det minne om eit orntli’ liv.             

Når kveldsol skin inngjennom Trangbergsundet,
så høres brøl tå RIB og foringsbåt.
Og gamle venna møte kvel’n og grunne,
på alt det nye, ja det e ei gåt’.
Dem har det travelt allj’, ja eittkvart haste,
men Tørres dømm’itj nån, han vil itj laste.
Fer både han og båten legg heilt faste,
og e så fleksibel som stokk og stein.

I Trangbergsundet der kor sommar’n plante
eit bed med strandrug, strandnellik og siv,
har gamle venna, dømt som ukurante,
hatt dagens møte uten bok og skriv.
Men terna skriv med spissa nebb i sundet,
og flyr te reiret der ho har ein kunde,
som berre jage a på nok ein runde.
Fer, livet fyk med kvilelause bein!

                                                               Hans Anton Grønskag


Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar