fredag 13. desember 2013

Det renn ei elv

Det renn ei elv under kalde frostlag,
sterk som dei heitaste lengsler.
Det fyk ein vind gjennom tome bislag,
ei dør gnell på opprusta hengsler.

Det går eit skip langs den leia vi bor,
med kursen satt for oss alle.
Eit skip der vi alle skal gå om bord.
På timen skal skipsklokka kalle.

Men lytt til elva, og lev i din vind,
så leng’ som hjerteslag trommer.
Døden skal tids nok finn’ vegen sin inn,
du treng itj å be han å komme.

Det bryt ei elv, og det bles støtt ein vind.
Skip går forbi oss i natta.
Du kom, og du tinte opp vegen inn,
og vinden, med fuglane skratta.                                               

Når skipsklokka kallar ei ruskut’ natt,
er jordlivets dagar brukte.
Jamvel om minner står skamfulle att,
vil det og væra minner som skine.



Hans Anton Grønskag

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar