torsdag 8. august 2013

Trekkfuglens røter

Når vinden når fram
til øya mi
lengtar han ikkje lenger -
Ringen
trør han med
myrull og storrgras,
tonane dryger lenge –

Heilo spelar
for maken sin,
steggen kryp ned i kjerret

All lengt
syg seg fast
om kvelden her -

Tranefuglen på eitt bein
veks stivt opp av
mosen –

Kva rekk vel lenger
enn trekkfuglens røter ?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar