Det er brukt mange store ord
om oppblåste menn.
Nokre tronar høgt på hestar av bronse.
Hestane veit ikkje kvar dei skal,
og ikkje dei sjølve heller.
Vi som går forbi spør : kvifor står dei
her?
Men vi gløymer det raskt, for viktigare
ting.
Vi ser skrytet, men alle har glømd den
store dåden.
Dei som kjenner dåden, vil ikkje tale så
mykje om den.
Det er mange slike ryttarstatuar.
Ingen av dei taler sanning.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar