fredag 12. juli 2013

Ein ubrukt utgang

Andedraga som kjem
frå dei inste roma
små glimt av noko
som ikkje vart meir

eit blikk, eit kast med
hovudet, ei hand som
trekte håret vekk
så du fekk sjå


ville bli sett


dette som du ikkje trudde
var lagra nokon plass
men er der
for det
er der
som ein vindstille
vind


ein ubrukt
utgang

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar