Årets måneder - En sonett
Januar
No vender
året, rørslene er stive,
og stum
står granskog bak den frosne sjøen.
Eit
einsleg harespor, som skrift på snøen,
skal
minne om at livet er i live.
Ja, låg
er veiken, livet vil helst drive.
Eg godtek
gjerne plass heilt sist i køen.
Mens
andre reiser sør og stiller kløen,
der sola
jamt har krefter til å klive.
Å, januar
eg skulle gjerne skrive,
om kvite
vidder og om fjell som glitrar,
men i
ditt mørke må eg berre svive,
eg går
til omnen, hiver inn ei skive,
og
drøymer tappert om at fuglar kvitrar.
Mi
livskraft ventar innerst i arkivet.
Februar
Vår
vinter er eit funn for spesielle,
som sig i
kø langs overfylte skitrokk.
Med pølse
ifrå termosar med skrulokk,
dei deler
plass med andre kriminelle.
Nei, hørt
sånn tull! No går eg her å gnelle!
Eg traska
mang ei mil på ski som gutpjokk.
Og aldri
om eg reddast for litt snøfokk.
Det er
dei gamle menners vis å smelle.
Men
bjørnen er eit underleg tilfelle,
han tar
til vet og søv, det eine rette.
Ja,
fleire skulle nok ha tatt til vettet.
Eg kan eitt
pluss om februar fortelje;
at den er
kort! Og vetteren skal lette,
når
bjørnen snur i hiet under fjellet!
Mars
Men bjørnen
vil på inga måte stresse,
halv
vinter står igjen, om ikkje meire.
Og eg ser
heller ingen ting å feire,
utover
gamlefolkets Gjertrudsmesse.
Sjå,
mars- ria den er ein lei finesse!
Når håp
om vår er tent, med fugl i reiret,
så kjem
det isvindar som gneg på beinet.
Nei,
ingen mars- sol kan Kong Vinter presse!
Så ikkje
tenk eingong at du vil dresse
deg opp
til vårsol før du hører tjelden!
Nei, vær
tolmodig, unngå all tristesse.
Då kan du
heller gamle skøyter kvesse,
og drive
kunstløp ut i månekvelden.
Vi driv
så mangt, har ulik interesse!
April
”Jeg
velger meg april!”, skreiv salig Bjørnson.
Men ingen
trur at Bjørnstjerne var ærleg.
Han laug
med brask og bram, og det er herleg,
for elegi
beskriver helst ein kujon.
Nei ærleg
talt er april berre fiksjon,
i
eigenskap av vår er den ukjærleg.
Eit
Janus-ansikt, ganske dønn uærleg,
for
vinterstorm om våren skaper friksjon!
Ein
kjenner alltid vinteren på diksjon.
For
aprils kyss kan varsle sol og varme,
før alt
er glømt, og frosten går til aksjon.
Nei, eg
har lært, og dette er min misjon:
Bli aldri
blenda ut av aprils sjarme!
Ho vrakar deg når ho har gitt deg vårvon.
Mai
Når
spovens vakre fløytetriller lyder,
og
vinteren tar dyna si og flyktar,
då veit
eg den er borte som eg fryktar,
den kalde
tid. Sjå mai naturen pryder!
Det er ei
salig helsebot, eg nyter,
kvar dag
og time, ingen isvind tuktar
min arme
kropp, som bøyer seg og buktar,
som i min
eigen vår, heilt utan lyter.
Og full
av salig lovsong stæren skryter,
av
reirkassa eg snikra her i vinter,
Tenk
dobbelt glede! Vi er to som nyter!
Og eg har
glømt den vesle bekk som flyter
så stilt,
med eitt han slår med rapp og finter.
Han
bruser ivrig, og hans krefter tyter!
Juni
Så er du
her vår kjære ven, vår sommar.
Om juni
er eksamenstid for mange,
så blir
det litt for dumt å slå seg vrange,
når
parken fylles opp av herlegdommar.
Vi gamle
bør nok gløyme livsvisdommar,
men minner
har vi, om den gode ange,
om åkrane
som føltes milelange.
Om livet
som av junikvelden flommar.
Den gode
tid, Sankt Hans, med klangrikdommar,
eit
orkester som overgår alt anna.
For det,
ha takk min skapar og min dommar!
Men mest
ha takk for håpet livet rommar!
Vi fraus
oss gjennom vinteren forbanna,
og møtte
juni fromt, som heilagdommar.
Juli
Når
julivarmen steiker travle gater,
og øl og
is går unna utan ende.
Då
drøymer eg igjen om det som hende,
på landet
medan verda var i vater.
Ein
merkedag var Knutsmessa, for pater.
Då tok
dei alle ljå og hein i hende,
og
slåttetonen lint mot øyro vende,
og
hesjene vart sett på slåtteflater.
På bøen
vart det ikkje spelt teater.
Men
høyhopping var fryd for barnekroppar.
Og
attpåtil, det kosta null dukatar!
Men ikkje
tru eg er ein bylivhater!
Når
nattefolket ut på byen poppar,
da vaknar
liv i livets juligater.
August
Ho skulle
heitt Augusta, mi heltinne,
for ingen
er så kvinneleg som henne.
Sjølv
keisaren, Augustus, burde kjenne:
August er
feil, for hennar namn er kvinne!
Men namnet
skjemmer ingen, ho skal minne
om grøda
som av livsens elv får renne.
Med
blomar, famnen full, ho gjev tilkjenne
at ho er
kvinneleg og liv skal vinne!
La ikkje
depresjonar herje sinnet!
I
mørketida skal du heller tenke:
At alt må
kvile, alt må haldes inne
til
August kjem, da skal vår grøde skinne!
Da skal
vi binde oss ei blomelenke,
til
livets pris! Og ro i sjela finne!
September
Det fins
ei tid for såing; ei å sanke.
Ved
Mikkelsmess vi fører fram vår grøde,
som takk
til han som ga oss denne føde,
eit
dagleg brød, vår von, og all vår tanke.
Det
fyller oss med undring, ettertanke,
når enga
gulnar, skogen brenn og gløde.
Vi ser at
fuglar samlar seg til møte,
og unge
auge blenker spent og blanke.
Eg blir vinterfast, dei skal vide
vanke.
Eg skodar
lengselsfylt mot himmelrøde,
mitt
vinterhjarte sår ein vemodstanke.
Men enno
er det langt før ettertanke,
skal bli
eit fag som plager oss til døde.
Haust er
inga straff! Eg vil aldri anke!
Oktober
Du nyttar kanskje knask og knep, som mange?
Eg er litt sær, eg går for Frans, vår gråbror.
Den som er rik vil fylgje knepets fotspor.
Den som har mest, vil ofte mest forlange.
Eg trekkjest inn mot hagens krydderange.
Tyr til varme hus, mens tida sakte ror.
Veit at livet treng til kvile her i nord,
der nettene er eviglyse, lange.
Eg går i hi, ein årleg vinterfange.
Som bjørnen skal eg leve gjennom draumen.
Og vakne opp til draumar som er sanne.
Der skal eg gjennom vinternetter lange,
som Broder Frans, gå freidig rakt mot straumen.
Men ingen kallar meg ein klosterfange!
November
Ein står
ved skilje mellom liv og daude.
Min kropp
bryt opp, går inn i spegelrama.
Biletet
stivnar, eit apollinsk drama.
Eit tukta
andlet, augo stirar aude.
Kva kraft
må temje kjærleiken den raude?
Som redd
for livet har vårt år handsama,
til ein
kalender - Er det ryktets Fama?
Må livet
tuktast? Kontroll gå til haudet?
Eg går i
hi, men vaknar for å raute,
når jula
kjem! Blant andre nissemenner.
Dei
vaknar då, og alle mann blir blaute.
Å,
Dionysos, kvifor vert alt aude?
No tennas
lys for glømde helgensjeler.
Eg ser
novembers andlet i den rama!
Desember
Når dagen
er komen, så ljomar det jul,
og nissar
og englar trivst supert i lag.
Vi pyntar
med ungar, med mor og med flagg,
og far er
litt indisponibel, i skjul.
Og gåvene
flerres, så papir og band
snart
fyller stova, du verden sånn glede.
Tenk kor
ein fagnad pengar kan spreie,
med
brystløft til mormor og botox til Ann.
Og jula
den stavrar seg ustøtt mot land.
Nyåret
ventar! Det gamle ligg nede!
Han far
har kjøpt bomber, granatar og brann!
Og så
vert det filming. Alle må kvede!
Skål for
det nye! Hipp - hurra alle mann!
Ja, gleda
er tradisjonelt; til stede!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar