Ho vart
til ein krok
nokre få
hadde sett andletet -
ho drog handkjerra
med mjøl og sirup etter seg
dei siste metrane i livet -
kroppen bad om nåde for kvart steg
som gjekk ho jarnbyrd –
eg hugsar ikkje korleis
men det vart til at eg
hjelpte henne med kjerra ein dag
ho hadde handla meir enn elles
det var då
eg fekk sjå henne i eit glimt –
men miskunnsam vende ho
andletet straks ned att
ein for nådelaus spegel for den som
aldri har bøygd seg –
eg trilla kjerra
som bar eg ein kross
nokre meter
for henne
Hans Anton Grønskag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar