søndag 10. november 2013

Den Særde


Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Den Særde

Mitt hjarta har vore i livsens strid,
og mangt eit sår hev det fengi;
det låg sjukt og sårt i so mang ei rid,
men endå har det til denne tid
frå leiken med livet gjengi.


Men ær på ær etter sår på sår
der er på kvar einaste sida,
og upp dei brjota kvar evig vår,
når lauvet spretter og isen går
og gauken gjeler i lida. 


Men blomar bløma i desse ær,
og blømande blom er tåret.
Det soleis også med jordi er:
når regn og dogg ho frå himlen fær,
so veksa blomar i såret.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar