Eg skriv for å be om stillheit
leitar fram ord som kan
småprate med stjernehimmelen
ei ømheit
som kan kjærteikne polarstormane
sanningar som slår hjul
i kaleidoskopen
det er for mange ord i verda
glir inn som mørke lågtrykk
på lynsjetukt
eller som blåveismusikk og plissert uskuld
midtvinters i sommarnatta
for å beføle naboens intensjonar
verst er likevel ord
som legg verda
i lake av bitterheit
før dei snur seg over
på sida
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar