Kan ikkje fange dei alle
ikkje i eit manneliv.
Dei fell som snø i mars
mot varm jord
og vert borte,
men nokre dikt
fell i mi hand,
som denne av ei
husmannssjel
som aldri fekk tale.
Oppført i kyrkjeboka
ved utgang og inngang,
ligg i grav som andre flytta inn i,
etterpå.
Omtalt i Folketellinga av 1865
som ”Beata Olsdatter, tjenestepige”.
Ikkje omtalt seinare.
Kom hit syster – fortel!
Men
ikkje sjå deg om
i mine rom
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar