Aasmund Olavsson Vinje 1818 - 1870
«Han var ikke plaget af denne Frygstsomhed og Blyghed, som ofte er til Besvær for unge Mænd af Bondestanden, naar de komme ud i en videre Kreds; tvertimod optraadte han i Skrift og Tale med en saadan Djærvhed, at det af og til vagte Ængstelse hos hans Venner og Uvilje paa visse andre Steder.” Ivar Aasen
I dette diktet er det derimot den følsomme penna som fører ordet.
Den dag kjem aldri (Frå ”Storegut”)
av Aasmund Olavsson Vinje
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um nott og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer:
Eg sprett frå stolen og vil meg té,
men snart eg sig atter ende ned.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d'er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar