Mammutens vegar
gjennom polarnatta
smelta bort,
og den store isen stønna seg mot havet.
I slektsledd
var folk på veg,
stampande mot nordavinden,
programerte for sjølvmord.
Dei var unge og sterke,
veidefolk med rovdyrets kalde
kalkulering i kvar muskel.
Alltid halsande mot nye leirbål
Alltid på veg til sydande hav
og lier overgrodde av vilt.
Men det er mest kvinner det handlar om -
nei – jenter – så vidt kjønnsmodne,
med dieungar ved barmen, og andre på slep.
.
Hadde trossa isvindar og svolt
under trollstemt nordlys,
trossa sabeltanntiger og mammut
feidar og sjukdom.
Då dei kom fram
la dei avkomet
trygt frå seg i mosen.
Så fann dei medbrakt knusk,
og varma opp den nye
verda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar