Bygda var lukkeleg
med folket sitt -
Vi slang langs vegane
på sundagen.
Nokre stødde seg til
sykkelen.
Støtt vart vi einige om veret,
kjende litt på
fattigdomen og fann
han var bra fordelt
og til å leva med.
Ikkje alle som har det så godt
som oss
vart det sagt,
får sende ein slant.
Kunne ikkje håne kjentfolk.
Det var regelen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar