Fra fødsel til død. (Tekstene er gratis!)

onsdag 31. juli 2013

Eit varmt hjarte

Stormen
er ikkje så farleg –
det gjeld å krumme
ryggen imot


tangloppa legg
den flate sida
mot steinen –
steinen er hundre
kilo 

ruren kan bera
ein landgang
av troppar,
men legg
øre
til berget


det store hjartet
pumpar
i det glødande
havet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar