tirsdag 25. juni 2013

Eg skriv ikkje dikt...



Eg skriv ikkje dikt
om noko
diktet er -
er røyk
frå veidemannens bål,


lik svermar
av fuglar
inn frå havet.

Eg
vil joike skuggane bort
frå deg.


Frå sjamanens runebomme
stig dikt,
og stjerner endrar bane,

vert
kvilelause
spenningar,

sprakande
mellom galaksar,


eller balsamerte

tårar

innkapsla i mørket

ditt.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar